« Bedre havvarsler for sjøfarende | Tilbake til hovedsiden | Finnmark har fått landets første kvinnelige besiktigelsesmann! »

Juni 10, 2005

Ikke stans fisket av kysttorsk!

Sunnmørsposten går på lederplass sterkt i mot forslaget om å stanse fisket av kysttorsk og skriver blant annet følgende:

Havforskarane vil forby torskefisket i fjordane både for yrkesfiskarar og for fritidsfiske og turistfiske. Dei grunngir det med at gytebestanden av stadbunden torsk i dei ulike fjordsystema ikkje har vore mindre enn i dag sidan overvakinga av kysttorsken starta i 1994. Havforskarane snakkar om kollaps.

I fjor vart totalkvoten av kysttorsk sett til 21.000 tonn, det halve av det normale. Dette trass i ar forskarane tilrådde full stans, same tilrådinga kjem i år. Heller ikkje i år kjem dei til å få viljen sin, rett og slett fordi fisket av torsk i fjordane og nær kysten er for viktig til å bli heilt stengt. Det som derimot bør kome på tale er kanskje å frede nokre av dei mest utsette områda, og det bør avgjort vere aktuelt å innføre forbod mot dei mest effektive fiskereiskapane som t.d. snurrevad og lange lenkjer med torskegarn. Forskarane er i tvil om kva som er dei viktigaste grunnane til at bestanden av kyst- og fjordtorsk er så svekka, men dei er sikre på at for stort uttak er ein viktig grunn, og det er i det minste ein grunn det er råd å gjere noko med. Endringar i temperaturforholda i havet er det lite å gjere med, men er det slike forklaringar på torskesvikten, treng ikkje redusert fiske vere til hjelp heller.

UANSETT kva tiltak ein vel så må ein sikre at turistfisket kan halde fram. Ei gransking har vist at turistfisket genererer ti gongar så mange pengar til lokalsamfunna som det tradisjonelt yrkeskystfiske gjer. Det å invitere turistar til Norge for å fiske er ei næring i rask vekst, og er i ferd med å bli eit svært viktig element i norsk turistnæring. Det er over 1000 bedrifter som driv med turistfiske og talet på fisketuristar er alt kome opp i fleire hundre tusen kvart år. Dei fiskar gjennomgåande under 10.000 tonn fisk kvart år, og det er ikkje dette kvantumet som fører til kollaps i torskebestanden. Fisketuristane har eit konsum av varer og tenester her i landet på minst 2,5 milliardar kroner. Granskingar har då også vist at det samfunnsøkonomisk er svært lønnsamt å la turistar fange delar av fiskebestanden langs kysten.

SJØLVSAGT ligg det eit konfliktpotensiale mellom yrkesfiskarar og dei som drive med turistfiske, men det finst fleire tiltak for å dempe konflikten. Viktigaste tiltaket er kanskje at dei profesjonelle fiskarane får ansvar som rettleiarar og transportørar for fisketuristane. På den måten kan dei profesjonelle fiskarane sikkert få ei minst like stor og like trygg inntekt som dei får ved å drive berre fiske. Turistsesongen kolliderer heller ikkje med den beste fiskesesongen. Fiskarane kan også orientere om næringa si og om tradisjonane og på den måten knyte et historie til dei fiskane turistane får med seg. Desto meir blir fiskane verdt.

Lagt inn av Jan H. Syvertsen Juni 10, 2005 3:59 EM