« Regjeringen vil ha båtsertifikat | Tilbake til hovedsiden | Båtførerprøven »
August 28, 2006
Vi gratulerer Husnes Båtlag som beste gjestehavn!

TIL TOPPS: Dei har all grunn til å smila eldsjelene i båtahavna på Husnes. Frå høgre: Sverre Selsvik, Roald Eikeset, Malvinn Drange, Hogne Dale og styemedlem i Husnes Båtlag Agnar Melkersen.
Båtfolket har kåra Husnes til «Årets gjestehavn», skriver Arne Lindeflaten i avisen Kvinnheringen. Vi i KNBF slutter oss til gratulantene og gleder oss over at denne prisen er blitt tildelt en av våre medlemsforeninger.
Det skal båtvertane ha mykje av æra for.
Det er Norske Gjestehavner i samarbeid med Båtmagasinet som i sommar inviterte båtfolket til å røysta på favoritthavnene sine. Totalt var det 131 gjestehamner i Norge som var med i konkurransen. Og konkurransen var knallhard. Med ein overvekt av 75 røyster gjekk Husnes båthavn av med sigeren, med Grimstad og Marina Hemnesberget i Nordland på dei neste plassane. Ikkje rart at det norske flagget vaia nede i båthamna på Husnes onsdag morgon. Her sit smilet laust. Dei fire havnevertane gratulerer kvarandre. Eit styremedlem kjem til og gratulerer. Gratulasjonane renn inn både via e-post og telefon.
– Vi set kanskje endå meir pris på denne utmerkinga enn då vi gjekk til topps på Dagbladet si kåring av beste gjestehavn i fjor sommar. Vi ser på denne kåringa som meir seriøs, seier Roald Eikeset.
Ein av dei fire pensjonistane som har lagt ned ein formidabel jobb for at gjestene skal trivast.
– Denne sommaren har det teke heilt av. Vi har hatt 10-12 timars arbeidsdag og har i periodar vore totalt utslitne, seier Hogne Dale.
– Dette er den tredje kåringa de har gått til topps i. De byrja vel å bli litt høge på pæra no?
– Ja vi vert ikkje gode til å snakka til i tida framover, skrattar havnevertane. Og legg til:
– Nei du. Vi tek det roleg. Men vi er ikkje større enn at vi synes det er stor stas å gå til topps i denne kåringa.
Dei deler æra for førsteplassen med resten av medlemene i Husnes Båtlag.
Skryt av Husnes
Båtfolket trekkjer fram dei trivelege og serviceinnstilte båtvertane som eit stort pluss for gjestehavna. Dei er elles spesielt nøgde med fasilitetane på Husnes, med den fine sandstranda og eit godt dusj- og toalettanlegg. Vidare trekkje båtfolket fram gode gjestebrygger, trådlaust nett verk, kort avstand til eit attraktivt kjøpesentrum. Mange er svært nøgde med Søralparken og alle dei fritidsaktivitetane ein kan utføra her.
Ny rekord
Husnes båthavn vil denne sesongen slå alle tidlegare gjesterekordar. Medan det i heile fjor var 2762 liggedøgn i havna, er det til no i år vore 3552. Berre i juli månad var det 2091 liggedøgn. Og det er ikkje slutt.
– Til helga ventar vi ein stor invasjon av båtar. Då er det fleire som har tinga plass her i samband med Husnes Cup, fortel båtvert Sverre Selsvik.
Kva som vil skje med gjestehavna den dagen dei tre pensjonistane trekkjer inn årane, er spørsmålet mange stiller seg.
– Det er heldigvis ikkje vårt problem, smiler Roald Eikeset.
Ingen av dei har likevel planar om å trekkja seg i umiddelbar framtid.
Lagt inn av Jan H. Syvertsen August 28, 2006 1:04 EM






























