Vær merksam på dykkarflagget

Vær merksam på dykkarflagget

Dykkare opplever ofte farlege situasjonar knytta til dykking frå båt.

Ei av dei farlegaste situasjonene ein dykkar kan oppleve er kollisjon med ein fritidsbåt, og ikkje minst med båtpropeller. Derfor varsles alltid dykking med eit dykkarflagg, enten om bord i ein følgebåt eller festa til blåser som flyt på overflata. Dykkarflagget er hvitt og blått med splitt i det høgre, blå feltet.

- Flagget betyr at det er dykkarar i sjøen. Og som fritidsbåtførar skal du da halde god avstand og sakte fart. Dykkarane kan være så langt som 300 meter unna følgebåten, seier Åge Wee, leiar i Slettaa Dykkerklubb i Haugesund. Han har opplevd situasjonar der båteigare har kjørt rett inn i dykkeområder utan hensyn til dykkarane.

- Vi setter stor pris på initiativet frå Norges Dykkeforbund, og har allereie tatt inn dykkesituasjonar i eit nytt Sjøvett-spill vi har under utvikling, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

Plakat Dykkeflagg